Forside | Om Hagen | Kontakt | Trappestudioer | Katalog | Hvordan bestille | Mediabank

Om Hagen
Hagen 75 år
Kontakt oss
Kontaktpersoner
Våre trappestudioer

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 





 
 

Tilsette i Hagen heidra med Norges Vel medaljar
for lang og tru teneste

Hagen er 75 år i 2009, og dette vart markert med stor fest laurdag 12. september. Om lag 250 personar var samla i fabrikklokala på Visnes, som var gjorde om til festsal i høve den store feiringa. Som ein del av programmet vart heile 8 medarbeidarar heidra for meir enn 30 års innsats i selskapet. Lojale medarbeidarar er heilt avgjerande for å lukkast. I firmaet Hagen er vi heldige og har mange slike, seier administrerande direktør John Herman Hagen.

Festen hadde alt frå klassisk dans, billedspel frå historia til Hagen, verbal framføring, og song. Både ”Stairways to heaven” og ”Om eg var ein rik mann” frå ”Karlson på taket” var ein del av programmet, sidan trapper er sentrale i begge desse kjende melodiane. Astrid Overå, for mange kjend som XL i ”Small, medium, XL”, stod for dei meir humoristiske innslaga. Og folk kosa seg. Undervegs vart det servert full middag med det som høyrer til, og kvelden vart sjølvsagt avslutta med dans. –Det er viktig å ta seg tid til å markere slike milepælar, seier Hagen.

Det var i 1934 det heile starta med tre karar i ein kjellar på Visnes i Stryn. I jubileumsåret 2009 er det meir enn 100 årsverk ved verksemda og over 120 millionar kroner i årsomsetning. Hagen er den største trappeprodusenten i landet, med om lag 30% av trappemarknaden. Tidlegare har Hagen hatt ein vesentleg del av omsetninga som eksport til Tyskland, men dette er no avvikla. Eksportsatsinga rettar seg no mot Sverige, men den internasjonale marknaden har vore svært vanskeleg siste året.

I sin tale til forsamlinga la administrerande direktør John Herman Foss Hagen vekt på at Hagen skal ha mot til å satse også i åra som kjem. Design, forenkling og inspirasjon er stikkord når vi skal skildre dei kommande åra, sa Hagen.

På tilstellinga den 12. september vart Norges Vel sin medalje for lang og trufast teneste delt ut til følgjande:

Hagen Stryn:
Ivar Hagen
Magne Jevnehagen
Jon Arve Tvinnereim
Gunnar Langeland
Anders Meland

Hagen Trondheim:
Jan Øyen
Anne Brit Kamphaug
Inge Johan Foss

Klikk her for å se jubileumsfilmen!